Haram kyrkjelege fellesråd > Vis


6 år Supervenn og Kyrkjebok


Supervenn er eit tilbod til 6-årinane med utdeling av boka Den usynlege Venen.

 

I kyrkjene i Haram gler vi oss til å ta imot ein heilt ny superårgang – alle som fyller 6 år i år! 🌟

På SUPERvenn-samlinga får borna bli kjent med den flotte 6-årsboka dei skal få, og saman går vi inn i historia om Den usynlege Venen – ein ven som alltid er nær, også når vi ikkje kan sjå han. Det blir song, leik, spennande aktivitetar og ei god og fin stund saman. Til slutt avsluttar vi med litt enkel servering, slik at både store og små får fylt på energien. ✨🍎

Samlinga skjer ein av dagane i forkant av den store søndagen.

Når søndagen kjem, møtest vi igjen til ei Sprell Levande gudsteneste i ei av kyrkjene der du bor! 🎉
Her blir det song, glede og mykje liv – ei feiring full av varme og fellesskap for heile familien. Det er også denne dagen borna får 6-årsboka si. Ta med familien, fadrar og alle som vil vere med og heie – dette blir ei ordentleg feststund! 🌈

Invitasjonar kjem i posten i god tid i forkant av arrangementet til alle døypte, men ALLE som fyller 6 år i år er hjarteleg velkomne – døypt eller ikkje💕 

Tilbake

Hamnsund kyrkje

Les meir

Vatne kyrkje

Les meir

Hildre kyrkje

Les meir

Brattvåg kyrkje

Les meir

Leige av lokaler

Informasjon til deg som ynskjer å leige kyrkjene.

Les meir

Fjørtoft kyrkje

Les meir

Haram kyrkje

Les meir