Hamnsund kyrkje


Kyrkja ligg vakkert til på Hamnsundet i Søvika. Hamnsund kyrkje er ei langkyrkje frå 1875. Kyrkja var opphavleg bygd som kapell den gongen Hamnsund og Grytastranda høyrte inn under Borgund. Byggverket er i tre, og kyrkja har 350 sitjeplassar og galleri.

Arkitekt for kyrkja var Hagbart Brinchmann frå Ålesund. Kyrkja vart bygd av Knut Stokkeland, på Vestnes. Opphavleg hadde kyrkja kor og skip av samme breidde og eit vesttårn som stakk berre ein alen fram frå vestveggen. Bak koret var eit femsida sakristi med skrått tak.

I 1957 vart kyrkja utvida og påbygd nytt kor og sakristi. Den delen av kyrkja som hadde vore kor vart no ein del av skipet. Koropninga er tredelt, og preikestolen er sett inn i den søndre opninga. På altaret står ein Kristustatue, ein kopi av Thorvaldsens "Kristus" i København.

Tilbake