Haram kyrkjelege fellesråd > Artikler > Vis


Vatne kyrkje


Stavkyrkja ved Vatnevatnet

Det er Hans Strøm i Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge, som gjev oss ei skildring av kyrkja som stod på Vatne fram til 1760. Han vitja bygda på slutten av 1750-åra og skreiv fylgjande om kyrkja: «For nærværende Tid er den en liden og uanseelig Stavkirke, som ingen indvendige Zirater har».

Kyrkja er òg omtala i Trondhjems Reformats i 1589.

I Aslak Bolts jordebok frå 1433 er Vatne nemnt som kyrkjesokn.

Det har altså stått ei stavkyrkje på Vatne ved vatnevatnet som kanskje kan daterast attende til 11-1200-talet.

Korskyrkja 1761 - 1868

Kyrkja vart flytta fra Vatnevatne til Ousgotten og forandre til ei tømmerkyrkje.Den nye kyrkja var ei krosskyrkje med våpenhus mot vest og kor mot aust - og eit eit høgt tårn midt over skipet. Dette var den rådende byggjestilen på Fredrik 5. si tid. den vart vigsla 28. juni 1761. Sytten år seinare vart kyrkja måla innvendig. 

Den største prynaden i ny-kyrkja var altartavla og preikestolen. Dei var bygde og utskorne av Jakob Sørensen Giskegaard (Tavle-Jakob) til korskyrkja i 1763. Det er noko av det finaste han laga. Midtpartiet av tavla er som ein teikneserie med åtte scener frå Jesu lidingssoge, og på sidene står dei fire evangelistane, Moses, Johannes døyparen, kong David, kong Salomo og nokre englar. På toppen står monogrammet til kong Frederik 5.

Ny-kyrkja på Os-gotten var etter folketalet i soknet ei overlag romsleg kyrkje. Likevel vart ho snart for lita.

Dagens kyrkje 1868 - 

Dagens kyrkje vart reist i 1868 etter dei same teikningane som kyrkja i grannesoknet Skodje frå 1860, berre med små endringar.

Arkitekt var Fritz Meinhardt frå Trondheim, og byggmeister var Gustv Olsen, han òg frå Trondheim. Gustav Olsen leia på same tid utvidinga av Borgund kyrkje, og korbogen i Vatne har fleire fellestrekk med korbogen i Borgund.

Frå den gamle kyrkja vart berre altartavla og altarsølvet overflytta til nykyrkja.

Kyrkja stod først med umåla tømmerveggar innvendig, og vart panelert og måla i 1902. Dagens fargesetjing med grønt, gult, raudt og gull stammar frå 1960. På galleriet og preikestolen er det også dekorasjonar i rosemålingstil. Midt i skipet heng ei stor prismekrone frå 1924 som er laga av Johan Tennfjord. Både preikestolen og døypefonten stammar frå 1868 og er fine arbeid i seinklassisistisk stil.

I 1909 fekk kyrkja orgel. Det var bygd av Ludv. Vestre på Haramsøya. I 1952 kom eit nytt kyrkjeorgel til kyrka, det og frå Vestre orgelfabrikk. 

Lysekrona er produsert på TMV (Tenfjord Mek. Verksted) i 1924.

Kilde:
- Vatne kyrkje 1868 - 1968. Utgjeve av Vatne sokneråd 1968
- Vatne kyrkje 150 år 1868 - 2018 Årbok for Vatne sogelag, skrift nr 38

 

 

Bautaen som visar kor stavkykja stod ved Vatnevatnet.

Tilbake