Stavkyrkja frå 1100-talet
Den første kyrkja for Haram vart bygd på garden Haram på 1100-talet. Dette var ei lita stavkyrkje som stod heilt nede ved sjøen. Presten i Haram budde på andre sida av fjorden på prestegarden på Lepsøy.
I 1814 var kyrkja valkyrkje for Haram prestegjeld.
I 1820 tilrådde biskop Pavels at kyrkja burde flyttast til Austnes så snart som mogleg. 18 år seinare vart ho rivne og materialane er brukte i den nye kyrkja som ligg på Austnes. Lettast synleg er dette på fleire av benkane på galleriet i den nye kyrkja.
I dag er plassen gamalkyrkja stod, markert med ein bauta og hellegong.
Kyrkja på Austnes 1838
Haram kyrkje ligg på Austnes på Haramsøya, og er den eldste av kyrkjene i Haram. Det er ei åttekanta tømmerkyrkje, utvendig og innvendig panelert og med tilbygg for våpenhus, kor og sakristi. Då kyrkja vart bygd i 1838, vart kyrkjestaden flytt frå Haram til Austnes. Den gamle kyrkjestaden på Haram er markert med ein bauta omgjeven av ein park. I 1993 vart Haram kyrkje sterkt skadd etter brann, men har seinare vorte restaurert.
Kyrkjerommet er prega av Lars Osas rike og gjennomgåande dekor frå 1911. Fondveggen i koret har bilete av dei fire evangelistane, og på sideveggene er det bilete av dei elleve læresveinane og Paulus. Kortaket er dekorert med Kristus i strålekrans omgjeven av evangelistsymbola. Kyrkjerommet har galleri langs seks av veggene. I midten av skipet er det fire søyler som stør opp om klokketårnet.
Preikestolen frå kring 1600 og altartavla frå 1670 kjem frå den gamle kyrkja. Midtmotiva på altartavla nedanfrå og opp er Nattverden, Korsfestinga og Oppstoda. Korsfestinga er flankert av Moses og Aron, som representerer den gamle pakta, og på kvar side av Oppstoda står evangelistane, som representerer den nye pakta. Øvst på altartavla er kongemonogrammet og krona haldne oppe av to kraftige løver.


