Sokneråda i Haram og Brattvåg arrangerer i november to salmekveldar med salmar av sunnmørske salmediktarar. På salmekveldane blir det song og musikk med fleire aktørar, i tillegg til omtale av salmediktarane og opplesing.
Salmeboka inneheld mange salmar der forfattaren er frå Sunnmøre, og eit utval av desse salmane blir tekne fram desse to kveldane. Det gjeld kjende salmediktarar som Anders Hovden og Bernt Støylen, men også nyare og meir ukjende som Jan Ove Ulstein og Arnfinn Haram. Haram kyrkjekor vil også framføre ein salme av Ludvig Uri frå Ura på Skuløy/ Flemsøy, som døydde svært ung.
Song- og musikkreftene desse to kveldane er Haram kyrkjekor med dirigent Michael Wagner, Jorunn Bakke Orvik (orgel og piano), Geir Flåm (eufonium), Kari S. Hagen (fløyte), Edvard Orvik, Gunhild Bjørkhaug, Jens Aksnes og John Kjerstad (solistar).
Aud Bovim vil fortelje om dei ulike salmediktarane, og Ranveig Solem deltek med opplesing.
Salmekvelden blir arrangert:
- i Haram kyrkje fredag 15.11. kl 19.00.
- i Brattvåg kyrkje torsdag 28.11. kl 19.00.
Bilete: Haram kyrkjekor.