Haram kyrkjelege fellesråd > Dåp-Vigsel-Gravferd > Vigsel > Salmer


Typiske bryllaupssalmar


Det er ikkje alltid like lett å velja dei rette salmane til ei vigsle. På ein slik dag er ein oppteken av å finna dei rette orda. Samstundes bør salmen ha ein melodi som verkar nokolunde kjend. Vi håpar at de gjennom desse nettsidene kan få hjelp, slik at valet blir enklare.

Ved å klikka på salmane i salmelista får de sjå teksten til alle versa, samstundes som de kan høyra melodien (Under utarbeiding).

På grunn av opphavsrett kan vi dessverre ikkje visa alle salmetekstane.

Tal på salmar I følgje ritualet skal det veljast 3 (2) salmar – ein salme i starten, ein etter tekstlesinga og ein før velsigninga. Den andre salmen kan bytast ut med eit solistinnslag.

Andre aktuelle salmar


Det finst også mange andre salmar som er fine å bruka i samband med ein vigsel i kyrkja.