Haram kyrkjelege fellesråd > Vis


482 Deg å få skode


Deg å få skode er sæla å nå Gud,
vær det syn som mitt hjarta vil sjå
Ver du for tanken min dyraste skatt
Ljoset som strålar ved dag og ved natt

Ver du min visdom, mi sanning og trøyst,
tal du det levande ord med di røyst!
Far, lat meg vere barn her hjå deg.
Kom til meg, Herre, ja, bu du i meg!

Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd;
ver du det merket som syner mitt verd,
livd for mi sjel, den tryggaste vakt;
lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!

Rikdom og ære som menneske gjev,
er ikkje meir enn den morknande vev.
Du er min arv som varer til sist,
himmelske konge, det veit eg for visst.

Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
il eg får skode din herlegdom der.
Amen

Tekst: Irsk frå 700-t Til engelsk ved Mary Bryne 1905 og Eleanor Hull 1912 Oversatt: Arve Brunvoll 1978
Melodi: Columbian Harmony, 1829

Tilbake