Visitaskonsert i Vatne kyrkje


Fredag 14. juni kl 1900 er det konsert i Vatne kyrkje i høve bispevisitas i Haram kyrkjelege fellesråd. Konserten er med eit mangfald av lokale songarar og musikarar.

Orgelpipene i Vatne kyrkje.

I visitaskonserten vil ein få oppleve eit breitt spekter av musikk: Solosong, korsong, allsong og instrumentalinnslag med saxofon, gitar, euphonium, piano og orgel. Musikalsk byr ein på verk frå gamal og ny tid, også gospel.

Med i programmet denne kvelden er Haram kyrkjekor, Kor Herrleg, Hans Peter Neergård, Svein Dag Svendsen, Geir Flåm, Edvard Orvik, Michael Wagner, Ilona Ruseckaite-Lapinskiene, Jorunn Bakke Orvik

Etter konserten inviterer soknerådet i Vatne på kaffi og kaker.

Arr.: Haram kyrkjelege fellesråd

Bilete: Orgelpipene i Vatne kyrkje.

Tilbake