Overnatte i Harøy kyrkje?


Kyrkjelydspedagogen i Haram har også noko arbeid i Sandøy. Det første som skjer, er LysVaken i Harøy kyrkje for 5. og 6. klasse fredag 12.04 -laurdag 13.04. Då kan de få overnatte i kyrkja!

 

Kvit kyrkje med blå himmel i bakgrunnen.

Påmelding så snart som mulig, innan onsdag 10. april på skjemaet du finn her: Påmeldingsskjema for LysVaken Sandøy

Har du lyst å overnatte i kyrkja?

Du som går i 5. og 6. klasse på Harøy skule, er invitert til LysVaken i kyrkja! Dei som er medlemmer i kyrkja, har fått brev i posten, men alle femte- og sjetteklassingar er velkomne til å delta.

Kva handlar LysVaken om?

LysVaken handlar om å vere Lys Vaken for Gud, Lys Vaken for kvarandre og Lys Vaken for oss sjølve. Vi skal oppleve at lyset er sterkare enn mørket, og gjere vårt for at det blir ei helg du aldri gløymer. Det blir kyrkjequiz, refleksløp, japansk hjørne, formingsaktivitetar, video, pizza og snacks.

PROGRAM:

Fredag 12.april: Frammøte kl. 18.00

Samling med varierte aktivitetar

Kl. 20.00 Pizza

Kl. 23.00 Lystenning ved alterringen

Kl. 23.30 I soveposane

Kl. 24.00 Stille!

 

Laurdag 13. april

Kl 9.00 Frukost

Kl 11.00 Samling for heile familien, der vi framfører song og drama som vi har øvd på.

Kl. 12.00 Avslutning og takk for no!

 

 

Tilbake