Babysong er ein del av trusopplæringa i kyrkja vår. På babysong har vi leik med instrument, bevegelsessongar, regler, sansestimulering og barnesongar. Babysong er for born opp til eitt år.
Med babysong ønsker vi å
- medverke til positiv kontakt mellom barn og voksne, - foreldre, besteforeldre, tanter/onklar og fadrar, ved å stimulere dei vaksne til å synge, seie fram rim og regler, leike og danse med barna.
- bidra til eit positivt Gudsbilde.
- legge til rette for gode nettverk i kyrkja og i nærmiljøet.
- stimulere barnet si musikalske, språklege og motoriske utvikling.
- gi familiane ein songskatt dei kan bruke vidare etter som barnet veks.
Følg gjerne med på Facebookgruppa Babysang i Haram.