Haram kyrkjelege fellesråd > Vis


Gravferd


Å finne oversikt i tunge stunder kan vere vanskeleg. Vi legg til rette for å gjere nettopp det.

Døden kan vere vanskeleg å gripe. Å miste er tungt å ta inn over seg. Gravferda gjer døden og avskilet meir konkret. Å samlast om kista til takk og avskil er ein stoppestad på vegen gjennom sorga. Mange opplever at  dei kjende rammene i gravferdsgudstenesta gjev trøyst og hjelp

Val av stad
Det vert gjennomført gravferdseremoni i alle våre kyrkjer. Seremonien finn normalt sett stad i det soknet avdøde var busett, men pårørande står fritt til å velgje sjølv. 

Dato og klokkeslett
Tid og stad for gravferd vert planlagt i samarbeid mellom gravferdsbyrå, kyrkjekontoret og prest.

Prisar
Leige av kyrkje til gravferd når avdøde var busett utanfor kommunen, eller tilhøyrer anna trussamfunn:         kr. 4000,-

Preludering: kr. 750,-

Leige av organist til gravferd når avdøde var busett utanfor kommunen eller tilhøyrer anna trussamfunn: kr. 2000,-

Tilbake