Lysvaken Hamnsund og Haram


 

 

 

Påmelding Haram laurdag 20. nov og søndag 21. nov

Påmelding Hamnsund laurdag 27. nov og søndag 28. nov

 

Alle som går i 5. klasse i Grytastranda og Søvik, og 5. og 6. klasse på Haramsøy og Longva er inviterte til LysVaken!

LysVaken er ein glimrande sjanse til å bli meir kjent med kyrkja.

I år skal vi ha fokus på advent i tillegg til temaet LysVåken.

 

Laurdagen skal vi blant anna:

- ha utforskarjakt rundt i kyrkja

- lage ein stall som skal stå utanfor kyrkja gjennom jula

- øve på det vi skal delta med under gudstjenesta

- refleksleik inni kyrkja

- «lage» adventskalender

 

Ta med lommelykt/hovudlykt om du har, og gode klede til vi skal vere ute å bygge stall!

Søndagen er det oppmøte kl 10.15 slik vi får øvd litt ekstra til gudstjenesta. Det er viktig at du kjem også denne dagen.

Ta gjerne med deg gjengen din, fadderar og andre til gudstjenesta, så får dei sjå litt av det du har opplevd denne helga, og dei får vere med når du får utdelt boka di «Tidslinja» 😊         

 

Informasjon til føresette:

Laurdagen held vi på til kl 22.30 og barna kjem tilbake kl 10.15 søndagen.

Dokke må gjerne bli i kyrkja mellom levering og oppstart til gudstjenesta.

Har barnet ditt allergi eller behov for tilrettelegging/oppfølging - gi oss beskjed slik at vi kan gjere denne opplevinga fin!

 

Vi serverer frukt, saft, pizza og litt godteri 😊

Mulig nokre av foreldra vil bli spurt om å lage pizza.

 

Helga kostar 100,- med mat og aktivitetar, og blir fakturert i etterkant.

 

Vi ønsker velkomen til Sprell-Levande-gudsteneste søndag 21.november kl 11.00 i Haram kyrkje og søndag 28. nov i Hamnsund kyrkje. Då får 5.og 6.klassingane boka «Tidslinja», som er ei flott bok med mange spennande bibelforteljingar. (Etter nyttår håpar vi at Astrid Øygard (kateket)i samarbeid med skulane får til å ha timar i klassa der barna blir endå meir kjent med denne boka.)

Påmelding finn du på øverst på denne sida..

 

 

Velkomen til LysVaken i kyrkja di og til å få ei flott bok; Tidslinja!

Tilbake