Konfirmantpåmelding


 

KONFIRMANT I BRATTVÅG, HILDRE, HAMNSUND, HARAM, OG VATNE 
2021 - 2022

PÅMELDING HER

Konfirmasjon handlar om ditt liv og dine spørsmål. Heilt enkelt det som er viktig for deg. 
Konfirmasjon handlar òg om å bli betre kjent med kristen tru. Du får sjansen til å utforske mange viktige spørsmål. 
I konfirmanttida vil det og vere mogleg å bruke nye sider ved deg sjølv, utan krav til prestasjon. 

Velkomen til eit spennande år!

INFORMASJONSMØTER OG REGISTRERING
Informasjonsmøte for konfirmant OG foreldre vert som følger:

- Brattvåg/Hildre: torsdag 23. september kl 19.00 i Brattvåg kyrkje

- Vatne: torsdag 30. september kl 18.00 i Vatne kyrkje

- Hamnsund: torsdag 30. september kl 20.00 i Hamnsund kyrkje

- Haram: søndag 19. september kl 12:15 på Lepsøy bedehus

Vi må ta høgde for at desse samlingane kan bli delte opp mtp kor mange vi kan samle på ein gong. Info kjem til dei påmelde. Det vil bli anledning til å stille spørsmål. Ta med kopi av dåpsattest om du er døypt andre stader enn i Haram. Viss du ikkje er døypt, ta med kopi av fødselsattest.

GRUPPESAMLINGAR/TEMASAMLINGAR
Konfirmantar i Vatne sokn får møtedag TYSDAGAR 
Konfirmantar i Hamnsund sokn får møtedag TYSDAGAR
Konfirmantar i Hildre og Brattvåg sokn får møtedag ONSDAGAR 

KONFIRMASJONAR
Våren 2022 er det konfirmasjon på desse datoane:

  • Lepsøy bedehuskapell søndag 10. april          
  • Vatne kyrkje laurdag 23. april
  • Hamnsund kyrkje søndag 24. april
  • Brattvåg kyrkje laurdag 30. april 
  • Hildre kyrkje søndag 1. mai
  • Haram kyrkje laurdag 7. mai og søndag 8. mai
     

Tilbake