Velkomen til ei superkjekk helg i kyrkja.
Alle barn som er døypte får det året dei fyller 6 år ein invitasjon til kyrkja si om å få utdelt 6-årsboka si under ei gudsteneste på søndagen. Dette er eit spesielt år for barnet sidan det skal byrje på skulen til hausten og har ein spennande overgang foran seg. Heldigvis finnes ein SuperVenn som alltid er med - Jesus!
Laurdagen inviterar vi til SuperVenn-samling der vi skal lære om kven Jesus er og lære korleis barna kan ta del under gudstenesta dei får boka si. Jammen skal vi ikkje synge og ete litt også!
Søndagen er det Sprell Levande gudsteneste med fokus på barna. Til denne gudstenesta oppfordrar vi spesielt føresette, fadrar og besteforeldre til å kome å sjå at barnet får boka si. Dette synes barnet er STOR stas!
Datoar for 2020 blir publisert snart.
Kateket Astrid, trusopplærar Anita og trusopplæringsutvala har ansvar for SuperVenn og utdeling av 6-årsboka.