Velkomen til Minifest i kyrkja di!
Minifesten er trusopplæringstiltaket for dei miste, foreldre, fadrar og besteforeldre. Samlinga er ein gong i året og vi ynskjer 1, 2 og 3-åringane med familie velkomne til kyrkja si! På Minifesten gjer vi mykje moro og spennande! Vi syng saman, høyrer ei fortelling frå bibelen og kiker oppi skattekista. Alle får ein skatt!
Vi sender ut invitasjon i posten og Minifesten er ein flott måte å få hjelp, støtte og konkrete forslag til trusopplæring i heimen.
Helsing Astrid og Anita