Haram kyrkjelege fellesråd > Vis


3 - Kva skjer i ein dåp?


Når og korleis går ein dåp føre seg i Den norske kyrkja? På denne sida kan du bli kjend med rekkjefølgja og innhaldet i ei gudsteneste med dåp. Du finn òg rammene, sjølve liturgien, for dåp her.

Dåpsseremonien har ei fast ramme som blir kalla liturgi. Liturgien bestemmer rekkjefølgja på dei ulike delane i gudstenesta og dåpen. I dei fleste tilfelle er det ein prest som er liturg – den som leier seremonien, men det kan òg vere ein annan av dei tilsette i kyrkja.

Slik går dåpen føre seg

Før gudstenesta byrjar, tek dåpsfølgjet – familie og vener – plass i kyrkja. Det er lurt å vere på plass 5–10 minutt før det tek til. Den som skal døypast, og eventuelt foreldre eller pårørande, skal gå inn i prosesjon. Dette blir avklart i dåpssamtalen.

Den som skal døypast, vil som regel vere ein del av inngangsprosesjonen, og ho blir vanlegvis leia av ein som ber dåpskanna. I prosesjonen kan og anna liturgisk utstyr berast inn. Dåpskanna blir sett i døypefonten, og dåpsfølgjet tek plass etter lokal skikk.

Dåpen er som regel tidleg i gudstenesta. Først blir det lese frå Bibelen om kvifor vi døyper barna våre. Presten oppmodar foreldre og fadrar til å be for barnet, lære det sjølv å be og bruke Bibelen og nattverden. Vi les truvedkjenninga høgt saman og syng ein dåpssalme.

Det blir helt vatn i døypefonten, og presten bed ei bøn for det som skal skje. Dåpsfamilien kjem fram til døypefonten, og dersom det er eit barn med dåpslue som skal døypast, tek ein i familien av lua.

Presten spør kva den som skal døypast heiter. Anten svarar foreldra for barnet, eller så kan personen svare sjølv.

Så teiknar presten eit krossmerke over andletet til personen, før han eller ho auser tre handfullar vatn over hovudet til barnet og seier: «NN, etter vår Herre Jesu Kristi ord og bod døyper eg deg til 
namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.»

Eit dåpslys blir tent, og familien får det med seg heim. Mange stader blir den døypte vist fram og presentert for kyrkjelyden, som blir beden om å ta godt imot den døypte. 

 

Tilbake