Her kan paret velje mellom to alternativ:
Anten A
Liturg: For Gud vår Skapars andlet og med desse vitna til stades spør eg deg, (det fulle namnet til brudgommen): Vil du ha (det fulle namnet til bruda): som står attmed deg, til ektemake?
Brudgommen: Ja
Liturg:Vil du elska og æra henne og vera trufast hos henne i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?
Brudgommen: Ja
Liturg: Like eins spør eg deg,, (det fulle namnet til bruda): Vil du ha (det fulle namnet til brudgommen): som står attmed deg, til ektemake?
Bruda: Ja
Liturg: Vil du elska og æra han og vera trufast hos han i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?
Bruda: Ja
Liturg: Så gjev kvarandre handa på det.
Brudeparet vender seg mot kvarandre og gjev kvarandre høgre handa. Liturgen legg handa si
på hendene til brudeparet.
Liturg: For Guds andlet og desse vitna til stades har de no lova kvarandre at de vil leva saman i ekteskap, og gjeve kvarandre handa på det. Difor kunngjer eg at de er rette ektefolk.
Eller B
Liturg: For Gud vår Skapars andlet og med desse vitna til stades spør eg deg, (det fulle namnet til brudgommen): Vil du ha (det fulle namnet til bruda): som står attmed deg, til ektemake?
Brudgommen: Ja
Liturg: Like eins spør eg deg, (det fulle namnet til bruda): Vil du ha (det fulle namnet til brudgommen): som står attmed deg, til ektemake?
Bruda: Ja
Brudgom og brud vender seg til kvarandre. Dei gjev kvarandre høgre handa og vert ståande slik medan dei gjev løftet. Liturgen (L) les løftet ledd for ledd, deretter seier brudeparet (B) det fram, den eine først..
Liturg: Gjenta no etter meg.
L: Eg tek deg (namnet vert nemn) til ektemake.
B: Eg tek deg (namnet vert nemn) til ektemake.
L: Eg vil elska og ære deg
B: Eg vil elska og ære deg
L: og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar
B: og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar
L: inntil døden skil oss åt.
B: inntil døden skil oss åt.
Deretter vert løftet teke opp att på same måten av den andre.
Liturgen legg handa si på hendene til brudeparet.
Liturg: For Guds andlet og desse vitna til stades har de no lova kvarandre at de vil leva saman i ekteskap, og gjeve kvarandre handa på det. Difor kunngjer eg at de er rette ektefolk.
Planleggingsskjema>>>