Kyrkja i Brattvåg vert stengt frå 19. mai til medio juli
Glastaket på kyrkja i Brattvåg skal skiftast ut og det skal monterast nye beslag på utsida. Overlyset inne i kyrkja skal også fornyast; dei gamle lysrøra som er der skal byttast ut med LED-lys. Desse arbeida startar 19. mai og vert ferdig medio juli. Medan dette arbeidet pågår vert kyrkja stengt; gudstenester og gravferder vert i Hildre kyrkje. Gravplassen vert åpen slik at ein køyrer kister frå Hildre kyrkje og gravlegg dei i Brattvåg. Området rundt kyrkja vert delvis avstengt, men ein kan via parkeringsplassen komme ned til gravplassen ved å bruke vegen på nordsida av kyrkja.