Stillinga som sokneprest i Vatne og Hamnsund er ledig, og er lyst ut med søknadsfrist 2. mars. Det gler fellesrådsleiar Edvard Orvik seg over.
Stillinga har vore vakant sidan 1. desember, men nå håpar Orvik på at det snart er ny sokneprest på plass. Vatne og Hamnsund er fine bygder, med eit godt gudstenesteliv. Det er også eit godt samarbeid med dei andre sokna i Haram. Den som kjem hit, kjem til bygder med fiske og internasjonal industri, og bygder med mange ulike tilbod for unge og eldre.
- Her er det også mykje kjekke folk å samarbeide med, seier Orvik, og ikkje minst i Vatne sokn er det mykje tilflytting av barnefamiliar. Vi ser gjerne at det kjem nokon som trivast med å skape kontakt med born, unge og familiar.
-Eg håper det kjem mange gode søkjarar, seier Orvik, som også er nestleiar i soknerådet i Vatne.
På grunn av økonomien sentralt i kyrkja har det ei stund vore stillingsstopp, men i Nordre Sunnmøre prosti vert stillinga i Vatne og Hamnsund, og ei stilling som sokneprest i Ålesund og Voldsdalen, nå utlyste.
For utlysingstekst til stillinga er klikkar du her.