Helgemesse


Helgemessesøndag tenner lys i sorg og sakn, men og i håpet om at livet er sterkare enn døden. Vår kristne tru gir visse om at sorga ikkje får det siste ordet.

"De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned. De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!" Mt 5, 13-16.

Å vera salt er å seie eit rungande nei til at vondskap skal få gjennomsyre mitt liv. Å seie nei der andre seier ja kan vere utfordrande og upopulært, men det er det gode som vinn fram der saltet med slepp til.

Å vere lys er å seie ja der mange andre seier nei. Eit rungande ja til å la mine føter bringe godleik og kjærleik til min neste som lid under det vonde.

Bøn for dagen:
Himmelske Far. Gi oss å følge etter dei som har stridd den gode strid, fullført løpet og halde fast ved trua, og nå fram til livets oppstode. Amen.

Helgemesse i Hamnsund kyrkje og Lepsøy bedehuskapell kl 1100. Fellesskapskveld i Brattvåg kyrkje kl 1700. Helgemesse i Haram og Vatne kyrkjer kl 1900.

Bilete: Bo Mathisen.

Tilbake