Haram kyrkjelege fellesråd > Vis


Leo Tolstoy i Vatne kyrkje


Då Leo Tolstoj nærma seg femti år, hamna han i ei djup religiøs krise. Han var rik og kjend, ei hylla forfattar og intellektuell, men hans urolege sjel var ikkje nøgd. 

Døden
Tanken på døden plaga Tolstoj. Uansett korleis du lever ditt liv er døden den sikre utgong. At det finnast ei fortsetting etter døden kunne Tolstoj vanskeleg tru på. Kva er då føremålet? Han leitar i religion og filosofi og blant alle verdas store tenkarar etter ei djupare innsikt rundt meininga med livet.

Livet
Tolstojs grubleriar førde etter kvart til hans såkalla omvending kor særleg Jesu tale i Bergpreika hadde ein viktig plass. Den gyldne regel "du skal gjere med alle slik du sjølv ønsker dei skal gjere med deg" blir retningsgivande for hans vidare liv. Gud er i dine gode gjerningar. Meninga ligg i den meining du sjølv skapar gjennom dine handlingar og dine val.

Kjærleiken
Tolsojs religiøse vekking resulterer i ei rekke skrifter. «Kunstens oppgave er å berede vegen for Guds, det vil seie kjærleikens rike», hevdar han. «Kjærleiken er det høgaste gode som løyser alle livets motseiingar, som ikkje bare tek bort frykta for døden, men også driv menneske til å ofra seg for andre. Fornuften har ingenting lært meg. Alt eg veit som er gjeve meg, er blitt openberra for meg gjennom hjartet.»

Fortellingane
Nestekjærleiken som berande kraft kjem klart til utrykk i novellesamlinga «Folkefortellinger og legender». Her møter vi det gode menneske i ulike skikkelser. Bodskapen er enkel og djup og gjeld overalt og til alle tider. I «Kafeen i Surate" møter vi stemmer frå ulike religionar som kranglar om kven som tilbed den rette Gud, inntil ein gamal vismann peikar på at ein bare kan finne vegen til Gud gjennom kjærleiken. «Pilegrimsreisen» handlar om to kameratar på veg til den heilage grav i Jerusalem. Dei gjer ulike val i høve til kva som møter dei undervegs, og spørsmålet er kven som når målet for si reise. «Hvor kjærlighet er, der er Gud» handlar om ein gamal skomakar som har mista si tru og leitar etter vegen tilbake til Gud.

Tekstane er omarbeidd av skodespelar Vivi Sunde som også framfører dei. Det er lagt inn enkelte dikt av Stein Mehren og Hans Børli og ein liten prosatekst av Knut Hamsun. Domkantor Magnus Moksnes Myhre improviserer og framfører orgelmusikken som følger opplesinga.

Stad: Vatne kyrkje søndag 18. februar kl 1800.

Arrangementet er gratis. Framførast også søndag 3. mars 1800 i Spjelkavik kyrkje.

 

Tilbake