Bispevisitas i Haram i juni


Biskop Ingeborg Midttømme kjem til Haram 4.-5. og 14.-15. juni, og vil då vitje sokn i Haram kyrkjelege fellesråd. Som vanleg inneber ein visitas møter med sokneråd, frivillige og tilsette, men også med institusjonar, næringsliv og lokale aktivitetar.

Staben ved Haram kyrkjekontor.

Med omlag 8-10 års mellomrom kjem biskopen på visitas til kyrkjelydane i Møre. 2014 var sist gong biskopen var på desse kantar, og i dei siste vekene har staben og sokneråda i Haram arbeid med å førebu komande visitas.

Visitasen startar på morgonen tysdag 4. juni med samtale med tilsette og soknerådsleiarar i Brattvåg kyrkje, og fortset med skulebesøk, industribesøk hos Vard Søviknes og besøk på Eidet omsorgssenter seinare på dagen. Onsdagen vert det besøk hos kommuneleiinga og på kvelden deltek biskopen på songkveld i Hildre kyrkje. 

Visitasen denne gongen er delt i to, og biskopen kjem attende til Haram 14. og 15. juni. Då vert det barnehagebesøk og skulebesøk, samt fagmøte med staben og visitaskonsert i Vatne kyrkje om kvelden. Her deltek lokale musikarar og songarar i Haram, samt kyrkjelydens organistar. 

Visitasgudstenesta er lagt til laurdag 15. juni kl 1300, og er lagd til Norborghallen i Søvika. Etter gudstenesta er det invitert visitasføredrag og bacalaumiddag med lokalprodusert klippfisk. Inntekter frå salg av middag går uavkorta til Hamnsund sokn sitt misjonsprosjekt, NSP Aid. Representantar frå NSP Aid deltek laurdagen.

Program med tidspunkt for delar av visitasen vert gjort vidare kjend på kyrkja si nettside, på Facebook og i lokalaviser. 

Bilete: Staben ved Haram kyrkjekontor.

Tilbake