Babysong på Eidet Omsorgssenter


Ifrå 5. april blir babysong flytta frå Brattvåg kyrkje til Eidet Omsorgssenter.

Dei eldre bebuarane er inviterte til å vere med.

Babyar som ligg på eit teppe ilag med smilande mødre. Eldre kvinner i bakgrunnen.

Det blir født stadig nye babyar. Før påske hadde vi ei samling på Eidet, og det var interesse for å halde fram. Etter ønskje frå mødrene blir det endra dag og tidspunkt i forhold til tidlegare.

Vi møtest dermed kl. 10-12 annankvar fredag i kaféen på Omsorgssenteret.

Datoar:

5. april

19. april

3. mai

24. mai

7. juni

21. juni

Velkomne både frå nabolaget og ifrå alle sokna til å stikke innom i kaféen!

(Foto: Den norske kirke, Kirkerådet)

Tilbake