Haram kyrkjelege fellesråd > Vis


Supervenn og 6-årsbok


Velkomen som 6åring i kyrkja!

I kyrkjene i Haram gler vi oss til å ta imot ein heilt ny superårgang – alle som fyller 6 år i år! 🌟

På SUPERvenn-samlinga får borna bli kjent med den flotte 6-årsboka dei skal få, og saman går vi inn i historia om Den usynlege Venen – ein ven som alltid er nær, også når vi ikkje kan sjå han. Det blir song, leik, spennande aktivitetar og ei god og fin stund saman. Til slutt avsluttar vi med litt enkel servering, slik at både store og små får fylt på energien. ✨🍎

Samlinga skjer ein av dagane i forkant av den store søndagen.

Når søndagen kjem, møtest vi igjen til ei Sprell Levande gudsteneste i ei av kyrkjene der du bor! 🎉
Her blir det song, glede og mykje liv – ei feiring full av varme og fellesskap for heile familien. Det er også denne dagen borna får 6-årsboka si. Ta med familien, fadrar og alle som vil vere med og heie – dette blir ei ordentleg feststund! 🌈

 

Invitasjonar kjem i posten i god tid i forkant av arrangementet til alle døypte, men ALLE som fyller 6 år i år er hjarteleg velkomne – døypt eller ikkje💕 . ✉️

Nedenfor trykker du på påmeldinga som gjeld di kyrkje. 

MELD DEG PÅ til Supervenn Harøy

MELD DEG PÅ til Supervenn HAMSUND

MELD DEG PÅ til Supervenn BRATTVÅG

Tilbake