Konfirmantpåmelding


Konfirmant 2024-2025 - info og påmelding

Konfirmant kneler på alterringen, blir bedt for at to i kyrkjestab

KONFIRMANT I BRATTVÅG, HILDRE, HAMNSUND, HARAM, OG VATNE 
2024 - 2025

PÅMELDING HER

Konfirmasjon handlar om ditt liv og dine spørsmål. Heilt enkelt det som er viktig for deg. 
Konfirmasjon handlar òg om å bli betre kjent med kristen tru. Du får sjansen til å utforske mange viktige spørsmål. 
I konfirmanttida vil det og vere mogleg å bruke nye sider ved deg sjølv, utan krav til prestasjon. 

Velkomen til eit spennande år!

INFORMASJONSMØTER OG REGISTRERING
Informasjonsmøte for konfirmant OG foreldre vert som følger:

MÅNDAG 10. JUNI kl.18.00 i Haram kyrkje for øyane

TYSDAG 11. JUNI KL.18.00 i Brattvåg kyrkje for fastlandet(Vatne, Hamnsund og Brattvåg sokn)

Det vil bli anledning til å stille spørsmål. Ta med kopi av dåpsattest om du er døypt andre stader enn i Haram. Viss du ikkje er døypt, ta med kopi av fødselsattest.

KONFIRMASJONAR
Våren 2025 er det konfirmasjon på desse datoane:

  • Lepsøy bedehuskapell laurdag 12. april        
  • Vatne kyrkje laurdag 26. april
  • Hamnsund kyrkje søndag 27. april
  • Brattvåg kyrkje laurdag 3. mai
  • Hildre kyrkje søndag 4. mai
  • Haram kyrkje laurdag 10. mai 
Tilbake