Påskevandringar i kyrkjene.
Påskevandringa gir barna ei reise i den kristne påskefortellinga og vi inviterar barn frå barnehagane og 2.trinn i skulen til kyrkja. I likheit med julevandringa, brukar vi heile kyrkjerommet og fleire av sansane våre til å lære at vi feirar påske fordi Jesus døydde på korset og stod oppatt frå dei døde.
Vi vandrar inn i Jerusalem der vi opplever at Jesus kjem ridande på eit esel på Palmesøndag. Deretter reiser vi vidare til tempelet der Jesus lærer oss å dele med dei fattige ved at barna får myntar å legge i ei tempelkiste. Barna får oppleve å få vaska føtene slik Jesus vaska føtene til læresveinane sine. Vi feirar påskemåltidet med saft og flatbrød og lærer at vi brukar nattverden blant anna for å hugse på Jesus.
Langfredag kjem og Jesus blir korsfesta. Heldigvis får vi oppleve at tre dagar seinare er grava tom! Vi reiser til grava med blomar, men den er tom for Jesus har stått opp frå dei døde! Oppstått er Jesus, hurra, hurra!!