Undretur og 4-årsboka


Undretur og 4 års bok i kyrkjene våre:

14. og 15.september i Hamnsund kyrkje. 15.september i Haram kyrkje. 28. og 29. september i Vatne og Brattvåg.

Illustrasjon av born på veg til kyrkje.

Dei som er 4 år blir inviterte til Undretur og Sprell-Levande gudsteneste med utdeling av 4årsbok i kyrkja si. Undreturen er dagen eller nokre dagar før gudstenesta og vi viser barna kyrkja og undrar oss saman ved å vandre rundt til ulike postar. Turen er både spennande og moro for barna og vi lærer om døypefonten, orgelet og at kyrkja er Gud sitt hus. Barna blir ein del av gudstenesta på søndagen og vi øver litt også.

Søndagen er det Sprell-Levande gudsteneste med utdeling av bok til 4åringane.Boka dei får er ein fin barnebibel "Min biletbibel",  med fine illustrasjonar og enkle tekstar. Til denne gudstenesta oppfordrar vi spesielt føresette, fadderar og besteforeldre til å kome å sjå at barnet får boka si. Dette synes barnet er STOR stas!

Dei døypte får invitasjon, men alle 4åringar er hjarteleg velkomne til å bli med.

Tilbake