#torsdagerisvart


 

På torsdager kler vi oss i svart, i protest mot vold og overgrep, og i solidaritet med dei som er ramma.

Gjennom Kirkenes Verdensråd og Norges Kristne Råd, kan vi markere #torsdagerisvart med fokus på manglande respekt for menneskeretter. Vi ønsker at alle skal kunne gå fritt utan å vere redd for å verte banka opp, slått, voldtatt, trakassert eller diskriminert på bakgrunn av rase, legning, eller kjønn. Så vi vert oppfordra til å bere svart på torsdager. Det er eit symbol på styrke og mot til å seie ifrå, representere solidaritet med ofra, og kreve ei verd utan vold.

Du kan delta ved å:

  • Kle deg i svart på torsdager
  • Gå med buttons og erklære at du er ein del av den globale rørsla som står saman for ei verd utan vold og overgrep.
  • Poste eit bilete og bruke knaggen #torsdagerisvart

 

Meir om #torsdagerisvart på nettsida til Norges Kristne Råd (ekstern link).

Tilbake