Haram kyrkjelege fellesråd > Vis


Vikarpresten i Brattvåg


Utlysinga av stillinga som sokneprest i Brattvåg ligg på vent. I haust blir Per Inge Vik vikarprest i Brattvåg. «Det komande året blir det litt mindre tid til sudoku og kryssordløysing, når eg skal fungere som sokneprest i Brattvåg i eit engasjement som varer ut året 2026», fortel Per Inge.

Eg er fødd og oppvaksen i Brattvåg. Etter gymnaset i Volda, var eg lærar i heimbygda eit år, før eg begynte på teologistudiet på Menighetsfakultetet i Oslo. Eg vart særleg fascinert av Det gamle testamentet og hebraisk språk, så eg tok mellomfag i hebraisk før eg blei uteksaminert.

Eg vart ordinert i Brattvåg kyrkje i 1980, og høyrde til det første prestekullet som tok i bruk den nye prestekjolen med alba og stola.

Eg har vore prest i Nord-Norge, i Midsund, Haram fastland, Minnesota, Skodje, Gran Canaria, Lanzarote og Alanya. I tillegg har eg hatt vikarteneste i mange sokn her på Sunnmøre i dei seinare år.

Karin Margrete og eg har budd på ti adresser i vår karriere som ektefolk, og bur no i Eidsvika, der vi også har søner, svigerdøtre og fem av barnebarna, som bur i eit par minutts gange unna. Vi har også naust og båt rett nedanfor utgangsdøra vår. Dotra vår med familie (mann og tre born) bur på Vikebukt, så det er heller ikkje langt unna. Eg syng i to mannskor, er med i ei mannsmisjonsforening. 

Vi likar å hauste frå naturen, både på land og i det våte element, og har mykje heimelaga  mat. Vi kan gjerne ete sjølvfiska fisk til middag fem dagar i veka. Eg er ein ihuga sportsfiskar både på sjø og i fjellvatn, både med snøre, garn og teiner.

No er ringen slutta for min del. Det komande året blir det litt mindre tid til sudoku og kryssordløysing, når eg skal fungere som sokneprest i Brattvåg i eit engasjement som varer ut året 2026. Det er nesten som eit eventyr. Eg er takksam for å få stå i ei så meiningsull teneste, enno ein periode. 

Tilbake