Haram kyrkjelege fellesråd > Vis


Oppgradering av nettsidane


Nettsidene våre er for tida under ei omfattande oppgradering. Det betyr at nokre sider kan sjå litt uferdige ut. «Målet er å kome i mål med dette tidleg i haust», fortel Pål Ove Lilleberg, som har teke fatt på dette arbeidet.

«Det har lenge vore eit mål å få dette gjort, men det første arbeidsåret har hatt meir enn nok av utfordringar. No vart det litt betre tid i byrjinga av juni, og då var det ingen grunn til å vente», fortel Pål Ove.

Han har tidlegare arbeidd mykje med nettsider. Tidleg på 2000-talet bygde han opp orkdalsmenighetene.no. Vigselssidene på desse nettsidene, med informasjon om kyrkjeleg vigsel, nådde langt utover det naturlege nedslagsfeltet i Orkdal. Då han byrja som prest i Skaun, tok han òg fatt på arbeidet med å oppgradere nettsidene der.

«Utfordringa i Haram er at dette er eit annleis verktøy. Det har teke nokre timar å lære seg det, men no forstår eg nok til å kunne gjere noko med nettsidene. Utfordringa er ikkje berre å lage sider med nyttig informasjon. Det må òg gjerast noko med oppbygginga og strukturen. Det er meir krevjande», fortel Pål Ove.

Alt det som no er gjort på dåps-, konfirmasjons- og vigselssidene viser allereie tydelege forbetringar, men vi set pris på tilbakemeldingar som kan bidra til å gjere nettsidene endå meir brukarvenlege og nyttige.

Tilbake