Velkomen til Minifest i kyrkja di!
Minifest er trusopplæringstiltak for dei minste saman med foreldre, syskjen, fadrar og besteforeldre. Vi «dekker på kyrkja» med ballongar og aktivitetar for 1, 2 og 3-åringane! Vi ynskjer at dei skal oppleve kyrkja som ein god og trygg plass å vere.
På Minifesten gjer vi mykje moro og spennande! Vi syng saman, høyrer ei fortelling frå bibelen og kiker oppi skattekista. Alle får ein skatt!
Vi sender ut invitasjon i posten og Minifesten er ein flott måte å få hjelp, støtte og konkrete forslag til trusopplæring i heimen.
Dei døypte får invitasjon, men alle 1, 2 og 3-åringar er hjarteleg velkomne til å bli med.