Visitasgudsteneste i Norborghallen


Ein bispevistas inneheld faste programpostar, og visitasgudstenesta laurdag 15. juni markerer avslutninga på dei dagane biskop Ingeborg Midttømme har vitja sokna i Haram kyrkjelege fellesråd.

Biskop Midttømme på Vard Søviknes.

Visitasgudstenesta denne gongen er lagt til Norborghallen i Søvika. "Det er ei teneleg ramme for ei slik gudsteneste og for ein dag som inneheld fleire programpostar", seier Karl Johan Bjørge, sokneprest i Hamnsund. Etter gudsteneste og visitasforedrag vert det servert bacalau av lokalprodusert klippfisk.

Soknet hadde allereie planlagt ein aktivitetsdag med gudsteneste i Norborghallen i samarbeid med NSP Aid, som er kyrkjelydens misjonsprosjekt. Dette prosjektet har sterk lokal forankring, og vert presentert under gudstenesta av dagleg leiar i NSP Aid Anders Myrene. Då tida for visitas fell saman med dette, var ein snar å sjå korleis dette kunne ordnast. Haram har eit maritimt næringsliv der fiske, fiskeindustri og båtbyggarverksemd har lange tradisjonar. Kva er då meir naturleg enn å invitere til bacalaumiddag etter visitasgudstenesta i Søvika, sentralt i Haram? Klippfiskprodusentane Karsten Flem AS på Longva, og Grytastranda Fiskeindustri AS, Ingolf Engeset AS på Grytastranda AS på Grytastranda stilte villig opp med klippfisk, og med Jorunn Ulstein Fjørtoft ved Kulturkaféen i Brattvåg ved grytene ligg det an til ein både gratis og framifrå bacalaufest etter gudstenesta laurdag kl 1300.

Sokneprest Bjørge i Hamnsund ser fram til ei storstilt gudstenestefeiring med mange aktørar, mellom andre Gine Gaustad Anderssen og Øyvind Lervåg, og lovar at det er rikeleg med bacalau i grytene til middagen. Mellom gudsteneste og bacalaumåltid vil biskop Midttømme dele inntrykk frå dagane ho har vitja kyrkjelydar, skular, omsorgsenter og næringsliv i Haram. Etter middagen byr vi på kaker og kaffi, med Bakerinnå og Valaker som sponsorar.

Vi håper mange frå næringsliv, kommune, institusjonar, lag og foreiningar har høve til å kome til Norborghallen denne laurdagen. "Det er omlag åtte år mellom kvar gong biskopen er på visitas, og endå lengre mellom gratis bacalaumiddagar", avslutter Bjørge. "Eg tippar det blir fullt i Norborghallen på laurdag!"

Bilete: Biskop Ingeborg Midttømme under bedriftsbesøk hos Vard Søviknes 4. juni.

Haram kyrkjelege fellesråd rettar ei stor takk til våre klippfisksponsorar:
Karsten Flem AS (kflem.no)
Home - ..:: Grytestranda Fiskeindustri AS ::.. (gfisk.no) 
Ingolf Engeset AS 
Valaker Bakeri & Konditori - Bestill kaker og bakervarer på Sunnmøre 
Bakerinnå (1) Facebook
 

NSP Aid deltek på visitasgudstenesta.
Hjem » North-South Partnership AID (nsp-aid.com)

Tilbake