Typiske bryllaupssalmar
Det er ikkje alltid like lett å velja dei rette salmane til ei vigsle. På ein slik dag er ein oppteken av å finna dei rette orda. Samstundes bør salmen ha ein melodi som verkar nokolunde kjend. Vi håpar at de gjennom desse nettsidene kan få hjelp, slik at valet blir enklare.

Ved å klikka på salmane i salmelista får de sjå teksten til alle versa, samstundes som de kan høyra melodien
anten på YouTube, Spotify eller Salmeboka minutt for minutt.
På grunn av opphavsrett kan vi dessverre ikkje visa alle salmetekstane.
Tal på salmar I følgje ritualet skal det veljast 3 (2) salmar
– ein salme i starten, ein etter tekstlesinga og ein før velsigninga.
Den andre salmen kan bytast ut med eit solistinnslag.