Haram kyrkjelege fellesråd > Gravferder > Gravferdssalmar


Salmar i gravferd


Det er ikkje alltid like lett å velja dei rette salmane til ei gravferd. På ein slik dag er ein oppteken av å finna dei rette orda. Samstundes bør salmen ha ein melodi som verkar nokolunde kjend. Vi håpar at de gjennom desse nettsidene kan få hjelp, slik at valet blir enklare.

 

 

Salmane

Ved gravferd skal det veljast 4 salmar (evt. 5 viss det er ønskje om ein salme etter minnetalen), 3 (4) salmar blir sungne inne, og 1 salme blir sungen ute ved grava.

Ved bisetjing skal det veljast 3 salmar (evt. 4 viss det er ønskje om ein salme etter minnetalen).

.