Haram kyrkjelege fellesråd > Artikler > Vis


Kvar ligg grava til…?


Dei fleste av oss har vel vore på ein kyrkjegard og leita etter grava til ein slektning eller ein kjenning. Til slutt enda ein opp med å måtte gå over heile kyrkjegarden for å finne grava. Haram kyrkjelege fellesråd kan no tilby ei teneste som vil gjere denne leitinga mykje enklare.

Ved hjelp av karta som er utarbeidde over alle kyrkjegardane og gravplassane, og søkefunksjonen på grav.no, vil det bli mykje lettare å finne grava.

Under sidene til gravplassforvaltninga i Haram ligg ei side med oversikt over alle gravplassane i Haram. På desse sidene finst både kart og søkefunksjon.

Når ein søkjer, kjem det opp både namn og ei referanse til grava. Referansen startar med eit tal som viser til kva for ein gravplass grava er på, og deretter ein bokstav som viser til felt. Framleis må ein leite litt, men leitinga vil no bli avgrensa til berre eit lite felt på kyrkjegarden.

Link til gravstadsidane>>>>

Tilbake