Haram kyrkjelege fellesråd > Artikler > Vis


Feste av grav


Den som sørgier for gravferda har rett til å stå som festar av grava, men det er ög høve til å velje ein annan. Ved gravlegging er det høve til å feste ei ledig sidegrav. Ved feste av grav skal det betalast festeavgift for 10 år av gongen. Faktura vert sendt ut av kyrkjekontoret.

Viss ein vil nytte ei grav som familien disponerer, må det vere meir enn 20 år sidan siste gravlegging. Ved slik gjenbruk av grav må ein innhente samtykke frå festar av grava.

I samband med gravferda, bør dei pårørande ög avgiere kva som skal skje med eventuelle graver som avdøde var festar for.

Tilbake