«Eg ser fram til å ta med meg erfaringane mine i møte med nye utfordringar, men på ein ny arena, og håper på å få vere med på å skape trygge møterom for barn og unge i kirkene våre» fortel vår nye kateket Åslaug Myren Skjong.
Kven er du?
«Eg heiter Åslaug, er 42 år gammal, gift og mor til 4 kjekke gutar.»
Hun fortel at på fritida er ho glad i friluftsliv og vi finn henne gjerne på tur i skog og fjell med schæferhunden Yara. Å få vere ute i naturen gir henne eit viktig pusterom, men også mange gode trusstyrkande opplevingar. «Dette har eg nok frå mormora mi som eg er kalla opp etter.» seier Åslaug.
Kva slags bakgrunn har du?
«Eg er utdanna sjukepleiar og videreutdanna helsesjukepleiar. Sidan eg var ferdig sjukepleiar i 2006 har eg jobba med barn og unge, både på sjukehus og helsestasjon, og dermed fått møte barn og familiar i ulike livssituasjonar, både i kriser og gleder.»
Åslaug seier at det har alltid vore viktig for henne at dei ho møter føler seg trygg og ivaretatt. Ho er glad i å jobbe med denne aldersgruppa, og oppteken av at dei skal føle seg sett, høyrt og forstått.»
Kva er ditt forhold til Haram?
«Eg har vokse opp her i Haram, nærare bestemt på Hildre, og bur no i Tennfjord.»
Åslaug fortel og at ho har sjølv vore aktiv både i leirsamanheng, barne- og ungdomskor, skulelag og anna kristent arbeid gjennom oppveksten. Dette har fått vere med på å forme henne til den ho er, men også vore med på å forankre trua hennar. Det var også difor ho valgte å gå eit år på musikklinja ved Bibelskulen i Grimstad etter vidaregåande. «Musikk står mitt hjerte nært» fortel Åslaug.
Kva tenkjer du om den nye jobben din som kateket?
«Til hausten vil særleg konfirmantarbeidet bli ein del av min kvardag. Dette blir spennande! Eg ser fram til å ta med meg erfaringane mine i møte med nye utfordringar, men på ein ny arena, og håper på å få vere med på å skape trygge møterom for barn og unge i kirkene våre.»