Haram kyrkjelege fellesråd > Artikler > Vis


0-1 år Babysong


Velkomen til babysong – ein koseleg og sosial møteplass for dei minste og dei vaksne deira! 💛Babysong er vårt tilbod i trusopplæringa til dei aller minste.

Kva er babysong?

Babysong er ei hyggeleg og leikande stund der vi brukar song, musikk, rytmar, rørsle og enkle reglar saman med barna. Vi syng både kjende barnesongar og nye songar, og brukar gjerne kroppen, stemma og enkle instrument.

Song og musikk gir barna gode opplevingar og kan samtidig vere med på å utvikle språk, rytmekjensle, motorikk, samspel og kontakt mellom barn og vaksen. Det viktigaste er likevel ikkje å synge «rett» – men å vere saman, ha det kjekt og skape gode augeblikk med barnet sitt. 🥰

Babysong er òg ein fin måte å bli kjend med andre foreldre og barn på, og ein hyggeleg anledning til å kome seg ut og vere ein del av eit fellesskap.

Når og kvar?
Vi har babysong tysdagar kl. 11.00–13.00, og møtest vekselvis i/på:

⛪ Brattvåg kyrkjekjellar
Her serverer vi litt frukt og noko å drikke. Ta gjerne med eiga matpakke, så kan vi ete og prate saman etter songstunda.

☕ Eidet omsorgssenter
På Eidet er babysongen ein del av eit hyggjeleg fellesskap saman med brukarane av dagsenteret og omsorgssenteret. Det blir ei fin stund på tvers av generasjonar, med song, musikk og gode møte mellom små og store. 💛Her er det kafé, og det er koseleg å bli igjen etter babysongen for ein kaffi og noko attåt. 💕
 

Babysong er gratis, og du treng ikkje å inneha nokon musikalske forkunnskapar. Kom akkurat som du er!

Vi ønskjer å skape ein lågterskel, trygg og inkluderande møteplass der både babyar  og vaksne kan kjenne seg velkomne 🧸 🍼 🐣 🐻

Følg gjerne Facebook-sida "Babysong i Haram" for oppdateringar, påminningar og informasjon om tid og stad frå veke til veke.

Vi gler oss til å synge, leike og vere saman med dykk! 🎶👶🌸

Ta kontakt med kyrkjelydspedagog Christel på epost christel.otterlei.bjerkeseth@kyrkja.haram.no visst du har spørsmål💌

Tilbake